torsdag 12. desember 2013

Fitjar-Rosendal-Odda-Seljestad!

Av og til går ikkje logistikken heilt i hop og denne helga såg det derfor ut til at me måtte ta begge bilane te fjells! Ikkje noko stor utfordring for dieselbilen, men for elbilen derimot...

Vinter og 350 km på to døgn og uten off. ladestasjoner på mesteparten av strekket er ei utfordring, men ein skal normalt ikkje ta mange tlf før ein har ordna seg. Trøbbelet er at lading med vanlig lader er som å sjå maling tørke...

Vel, turen starta med at bilen ikkje hadde lada over natta. Eg hadde gløymt å lager timerinnstilliga:( Heldigvis var første strekket berre 3 mil til jobb, men pga møte og kun 4 timer på jobb vart den langt fra topplada der. 

Til møte vart det dårlig tid og det regna trollkjerringer, det gjekk langt over 2 kW pr mil dei neste 3 mila og berre tre streker igjen når eg kom til møte. Vel, berre å hurtiglade det... 

Hurtiglading er ikkje det det var, no er det ofte kø, så også denne gangen samt ein som stod bak og banka på ruta og lurte på om eg lada... Bergenser... kvifor står du egentlig med ein elbil framfor ein hurtiglader med ein kabel kobla til bilen??? Sjølvsagt spurte han for å legge press på at eg ikkje lada for lenge, hurtiglading går tregt, over 80%. Derfor gav eg meg på 80% enda eg hadde tenkt å toppe heilt opp denne gangen... Men eg rakk ei ferge tidligare og kom til at det var like greit, faktisk rakk eg samme ferge som om eg ikkje hadde lada... Og eg fekk tatt med meg litt "mat" frå den nye McDonalds medan eg venta...

Ultraforsikrig kjøring inn te Kvinnherad Energi gjorde at eg fortsatt hadde 45% igjen når eg stoppa der kl 1530. Eg hadde gjort avtale om lading her på forhånd. Det viste seg at dei hadde 16 amp ladekladd hengande fastmontert til sin Miev. Veldig bra, lada 2,5 kW på kort tid, men sjølvsagt slår Murphys til, rett etter eg blei invitert inn på kaffi, ryk sikringen... Min US Leaf sender ikkje melding når ladinga stopper, noko eg trur dei europeiske gjer...?


Vel, ein time ekstra, men uansett raskare enn eg hadde planlagt med min 10 amp lader...

Fantastisk gjestfrihet hos Kvinnherad Energi, invitert inn i varmen, kaffe og avis samt gratis strøm og attpåtil anmodning om å komme igjen å lade på returen. 3,5 timar etterpå, kl 19 hadde eg 86% og la i veg...

Kl 2030 og 6,5 timar etter eg forlot Stord!

Ankomst Solfonn, frå Dimmelsvik er det 73 km te Solfonn + 500 høydemeter. Kjørt så økonomisk som det går, men våt vegbane og tidvis absolutt nødvendig med klima drar opp forbruket betydelig, men ganske ok likevel 60% av batteriet brukt på 73 km, vinter, vått og sterk stigning.

Det gjekk mykje strøm på slutten, men likevel god margin. Det er mykje igjen når første varsel kjem og eg var framme før low battery kom, men rekkevidden igjen var lite pga veldig høgt forbruk på slutten:) Vel, fin tur, eg sløste absolutt ikkje med varmen sjølv om det stod på mesteparten av vegen så kroppen var veldig klar for sauna:)



Retur lørdag 14.12, 3 timar!

Etter Odda tur/retur fredag vart det ikkje slik at resten av familien kom opp på fredag kveld likevel, mildvær og regn!! Eg la derfor kursen heim på lørdagen 
Her va eit strømskap eg lånte litt straum frå! Sjølvsagt må ein spørre først, men her var det ingen å spørre så me får håpe dei står i 20-25 kW dei to dagane eg lada der...
Kanskje den første Leafen som har vore i garasjeanlegger på Solfonn:)? Her er det kjemisk rensa for stikk-kontakter...
Leafen rekne seg fram til kjørelengde etter sist forbrukstall, dermed blir desse talla heilt ubrukelige, 70 km og ette 10 km kjørt nedover har me plutselig fått 101 km ekstra, haha

Returen var planlagt samme veg med litt lading i Dimmeslvik hos Kvinnherad Energi igjen, men nedover går det mykje mindre straum. Eg lada til det stoppa på Solfonn og starta då med 95%. Dermed fekk eg ikkje regenererer straum ned til Odda pga fult batteri. Likevel hadde eg 54% igjen i Dimmelsvik så eg tok sjansen på å kjøre heilt heim utan å lade. 33% igjen når eg kom til Ranavik etter 113 km kjørt!
Fasit blei 21,8% igjen etter 125 km. Når eg starta bilen igjen heime for å programmere lading fekk eg første varsel om lavt batterinivå!

Fortsatt mykje straum igjen etter at Folgefonntunellen er unnagjort. Kjørte forsiktig i 50-70 km/t, det går greit, men då må ein sleppe forbi så snart det er eit høve...

Leafen premierer deg med juletre, i dg vart det maks uttelling 5 tre er maks og det fekk eg etter 110 km kjørt:)

Fin tur å kjøre med elbil dette, dårlege vegar gir lav snitt fart, men lite trafikk, vêret betra seg og eg fekk eit par mil på nesten tørr asfalt på slutten... Ellers var det 1-5 grader, våt vegbane og klima på mesteparten av turen, men på 18 grader kun, lav batteri temp og vinterdekk i tillegg gjer at ca 125 km total før batt warning er veldig bra. 

Maurangerfjorden!

Ingen big deal å ta Leafen til fjells altså, men pt krev det planlegging, i Januar 14 allerede kjem gratis hurtiglader i Rosendal, dermed er turen veldig kurrant, men i drittvær og fullasta bil vil ein måtte lade i Odda også for å vere sikker, det gjekk skummelt mykje straum frå Odda og til Seljestad sjølv om det verre er 20 km. 

Innan 2014 er omme skal det også være lader i Odda og i Røldal... Elbilar med så låg rekkevidde er ikkje egna for slike turar kvar helg, men for slike som oss som ein sjeldan gong kjem i ei knipe er det veldig bra at det lar seg gjere smertefritt. Faktisk er det ikkje mykje lading som skal til om ein starter med 100% på Heiane!

Ja, litt sparte eg også, kosta meg kun 2* kr 38 på ferja. Dieselbilen via Knapphus kostar ca 500,- pr tur! Altså over kr 400,- spart:)

mandag 14. oktober 2013

Bestilt!

26. September reiste heile familien til Bergen for Tesla test!

Ein halvtimes tur var egentlig nok, me var overbevist tildels før me reiste. Skal ein ha elbil som nr 1 bil er det berre Tesla som er aktuell så no var det berre å få sett kva dette var for noko og om det var showstoppere nokon stad. 

Bilen er eit fantastisk produkt, Tesla har ikkje berre fått fram det nesten beste ved ein elbil slik eg ser det, saftig moment, lydlaus, vibrasjonsfri og sømløst framdrift og akselerasjon, sistnevnte er som alle veit heilt ekstremt! 

Dei har også klart å lage bagasjeplass både framme og bak. 890 liter kan ingen andre bilar måle seg med. Det blir konge på tur. Når bilen i tillegg ser fantastisk ut og har ein rekkevidde som gjer at det i praksis berre vert få ganger i året ein må planlegge turane litt så vert det freistande. Spes når alt dette er å få til oppnåelige prisar om du er villig til å bruke litt på ein ny bil. Sjølv om verdifallet, som ingen veit kan vil bli på denne bilen enda, er den største posten på ein bil er der vanskelig å sjå for seg at dette over ein del år vert ein særlig dyrare bil enn ein ordinær Passat! Eg reknar med netto spart ca 20.000 pr år, det er forsiktig rekna, då er netto rentekost for 100.000 dyrare bil tatt inn også. Me hadde ikkje brukt så mykje pengar på ein fossilbil så derfor reknar eg slik. Men ein kan jo argumentere for at bilen er billig med slik ytelse og plass, men eit slikt regnestykket  blir berre teoretisk for oss iallefall.

MEN bilen har sine svakheter også. Ein må kunne leve uten hengerfeste, ikkje Audi kvalitet på interiøret, dårlig takhøyde i baksetet og ikkje særlig god sittepute der. Eg trur også du som kjøpar må vere forberedt på meir feil enn på alternativ nybil som då fort vert ein Passat/Mondeo. Til slutt vert det spanande å sjå korleis bilen blir på vinterføre. Den er også veldig brei, noko som bekymrer litt ifht parkering, no er dette eit lite problem på Stord, men bilen skal mykje til fjells så vinteregenskapane vil få prøvd seg og der er det også relativt liten plass i felles parkeringsanlegg, men det var god plass til ein Panamera der såg eg i helga så då skal det gå fint med den 3 cm breiare Teslaen og! Men e må innrømme at eg vart litt sjokkert når eg oppdaga at Teslaen var breiare enn Panameraen, den er jo ikkje akkurat smal den heller!


Eldstemann har allerede bestemt seg for ka bil han skal ha når han får lappen om 8 år:) 17 Tommers "Ipaden" som styrer det meste i bilen gjorde det forferdelig for den håpefulle å måtte sitte BAK;)

Vel, me vil ikkje bytte bil midt på vinteren så bestillinga er langt til Mai, men gjort no pga at det er venta prisstigning på noko av det kule utstyret, som det råe musikkanlegget, det vart puslete med DSP i Audien etter dette:)

mandag 9. september 2013

Tesla-feber

Som så mange andre har eg fått lett Teslafeber. Etter 7000 km i Leafen sidan April er eg iallefall bitt av elbilfeberen. Den flotte Audien vår virker gml dags, Leafen er faktisk meir stillegåande enn Audien også og eg har klokketru på konseptet elbil. Så enkelt, samtidig så mykje betre komfort og ytelse er fascinerande. På Leafen er rekkevidden ei utfordring, ok til jobb og små kjøring, maks til Bergen og Stavanger. Lengre turar er kun for entusiaster. 

Tesla derimot, verdens første og på
ganske lenge antakelig einaste langdistanse elbil. Me skal prøve bilen den 26/9 september. Står den til forventningane går det mot bilbytte i Mai neste år, tilbake sitt me isåfall med to elbilar, galskap. Litt antakelig, men dette er ein spesiell bil, uten ei krone til staten i form av avgifter. Ytelser som i ein superbil og driftskostnader som ein moped. Dette er ganske fantastisk i AS Norge. Skal du selge den trur ekspertene at den går til Sverige. Der kostar den 2-400.000 MEIR enn i Norge. Normalt er det omvendt:)




onsdag 12. juni 2013

Haaheimgaard på Tysnes!

I går fekk Leafen lufta seg ut av øyo igjen. Fruen hadde gebursdag og eg ville overraske med middag på Haaheimgaard, litt meir kreativt enn Brygga11:)

Litt dårlig planlegging gav kun tid til 80% lading før me kjørte, men det burde halde på 7 mil. Dessverre kjørte me feil og fekk ei mil ekstra, men det vart ikkje noko rekkeviddeangst av det, byrjar å få bra kontroll, dessuten har eg no eit app som viser nøyaktig kor mykje strøm som er på batteriet. Søylene i bilen er greie nok, men med mykje start og stopp fell dei fort og gir litt angst. Me kjørte 8 mil og hadde tre streker igjen og ca 35% Soc. Snitt vart 0,119 kw pr km og ny rekord med god margin, Tysnes har smale vegar med låg fart, det er medisin for effektiv kjøring med elbil. Men me kjørte også nokre mil i 90.

torsdag 25. april 2013

Til Bergen, litt flaks:)


Hurtiglading i 15 min gav 6,5kw eller ca 3 mil når det er kaldt og regn

Berre 4 dagar sidan sist er Leafen i Bergen igjen:) Seminar i regi av Bergen Seilforening kombinert med litt handling denne gongen!

Eg har blitt veldig varm i trøya når det gjeld rekkevidden, eg fann ut at med 100% lading på jobb kunne Fitjar-Bergen-Leirvik gå. Men øspøs, 2 grader og ein del start og stopp der klimaanlegge trekke 4,5 kW ei stund før doggen av våte kler er borte gjer mykje med rekkevidden. Det vart litt leiting og tre stopp på Lagunen før turen gjekk til Paradis og så tilbake til Halhjem, 68 km kjørt og då var det 2 strekar igjen, men heldigvis gjekk ferga 2245 og ikkje 2230 slik eg trudde, 15 min på hurtigladeren gav 6,4 kW inn og vips var det 60% batterikap og ingen problem. Også denne hurtigladeren er 120 amper og ikkje 200 som det står i appen, men det er antakelig berre fint for batteriet, men merkelig på eit fergeleie der mange sjølvsagt får knapp tid... Med eit uttak er det jo også gambling om nokon annan står der før deg, men når det er størst trafikk er det jo også hyppigare ferjer, hadde vore kjiipt å stått igjen til 2330 ferga også:)

Uansett er det ikkje allverden med planlegging som skal til for at slike turar går smertefritt, samtidig er det jo slik at det MÅ vere gunstig for at folk skal gidde å styre med dette og sjølv om det er ein bil nr 2 er den nødt til å kunne ta litt lengre turar inni mellom skal ein få fordelt kjøringa jevnt mellom bilane. Eg trur nesten den største besparelsen kjem i at me no kjører den store bilen mykje mindre enn før:)

Ikkje verst med Bergens tur med egen bil der total direkte kost kun er kr 94,- på ferja, resten er gratis. Fossilbil hadde kosta kr 366,- inkl bom inn til Bergen, spart 272,-! Men det er sjølvsagt ikkje lenge til offentlege hurtigladere også kjem til å koste pengar, men uansett er det gunstig:)

søndag 21. april 2013

Ekte rekkeviddeangst!

Rekkeviddeangst er eit begrep som kom saman med elbilen. Egentlig har eg hatt eit avslappa forhold til det, litt spent var me heim frå Mandal, men der det var kritisk, hadde me ein backup plan i Sandnes, i dag derimot...

Laderen i Fjøsangervegen gav "berre" 120 amper, mot 200 på Randaberg/Aksdal så det tok litt lengre tid enn planlagt å lade. Me fekk derfor litt dårlige tid til båtmessa der me hadde ein avtale kl 12, så me lada berre til 75%. Tilbake etter 7 mil var det berre to strekar igjen, men med berre eit kvarter til rådighet dersom me ikkje skulle stå over ei ferje. Me tok sjansen på 70%, og sju barer på vel 5 mil, minstemann må i seng diskusjonen... Lading med heile familien ombord er ikkje så lett, sjølvsagt er det gørr kjedelig å lade... Vel, me rakk ferja med minst mulig margin og har no kjørt lenge på 5. streken. Det er 2,5 mil på andre sida i stiv kuling motvind, men det bør gå fint, men her er ingen fornuftig plan B tilgjengelig... Oppdatert: det gjekk veldig bra, vippa akkurat ned på nest siste søyla når me svinga ned til Rommetveit. Vel 170 km og godt over 300 kr spart på ein dag:)

Innser at det var tull å ikkje lade til 100% før avreise i dag... Lada til 80% som vanlig.

Tenkte det ikkje var nødvendig når me uansett måtte hurtiglade to gonger, men hadde ikkje tenkt på at det faktisk er eit problem for ein travel familie og ha tid til å lade i det heile...

Vel, båtmesse og hyggelig besøk vart det isllefall tid til:)

"Langtur" igjen

Båtmesse, Klubbmøte og besøk i Bergen og dermed må Leafen til pers. Ikkje allverden å spare på ferja sidan der "berre" er 17% rabatt på personar, men 56 kr pr vei held til to kopper kaffi i det minste:) Tur-retur LitleBergen spara me ca 300 kr så det er jo bra på ein dag. Planlagt hurtiglading ved Rema Fjøsangerveien begge veiar.

Hurtiglading er ikkje optimalt for batteriet så me unngår 100% lading, ca 80% skal være meir enn nok:)

mandag 15. april 2013

Heime - status!


Oppsummering av turen kjem her:

Med "barer" menes strømsøyler, Leafen har 12 søyler når batteriet er fult heilt opp, veldig forenkla ser eg at du kan regne 10 km pr søyle om du kjører økonomisk, dvs ca 120 km pr "tank" og nedanfor har eg angitt kor mange strømsøyler me brukte på kvart strekk, det kan jo være litt misvisende siden ei søyle akkurat kan ha forsvunnet eller held på å forsvinne så det er berre ein peikepinne, men over litt distanse blir dette ganske rett. Eg ser også at det nok går meir på vanlig småkjøring på Stord.

Me kjørte 310 km stort sett utan klima og brukte 32 barer, då kjørte me ekstremt sparsommelig, men mot oss hadde me kulden, rundt null grader på 200 km av turen og me hadde med 4 tunge vinterhjul og var to ombord!

Mandal-Flekkefjord - 6 mil og 6 barer 
Vi var raske på overleveringen, bilen så veldig bra ut, en liten stripe på hver side og absolutt ingen parkeringsmerker var jo veldig flott, innvendig så den svært lite brukt ut og det er jo imponerende med det hvite interiøret. SørImport sa at de bare kjøper de bilene som er helt uten anmerkninger for å slippe skuffede kjøpere så dette holder stikk i mitt tilfellet iallefall.

I farten fra Mandal glemte jeg å sett den i Eco, men kom på det underveis når den ikke regenererte så mye som jeg hadde ventet i nedoverbakkene:) Vel, hadde flott vær, sol og tørt så det var ikke behov for bruk av klima til Flekkefjord. Da vi var fremme hadde vi brukt 6 barer. Vi fant ladingen ved sykhuset på første forsøk, plugget i og innså at vi ikke hadde hengelås til laderen. Vel, vi tok oss god tid til å spise middag og fikk ladet over 3 timer, men som nevnt bare med 10 amp laderen. Da vi begynte å bli klar vippet ladelyset over til 2 faste og dermed var det 9 barer. Siden vi uansett skulle lade ett sted til før vi rakk hurtigladerene la vi avgårde til Ualand.

Flekkefjord-Ualand - 4 mil og 5 barer
Litt mer opp og ned så følte at det gikk mer strøm her og når vi var på plass på Ualand litt før kl. 20 så vi at det hadde gått 5 barer på litt over 4 mil. Siden det er er 113 km fra Flekkefjord til Sandnes vurderte vi aldri å ta sjansen på å kjøre helt dit. Jeg hadde derfor ringt til Statoil i Ualand og fått positivt svar på at der kunne jeg lade, men jeg måtte ringe litt før vi kom. Verken Statoil Siri eller Vikeså kunne hjelpe oss så jeg vet ikke om det er såpass med elbiler nå at det er blitt irriterende for dem? Vel, jeg forstod hvorfor vi måtte ringe på forhånd for han som skulle åpen lørdag kveld måtte kjøre 15 minutter! Snakk om service, jeg måtte presse han til å ta i mot penger for det også:)

Ualand-Randaberg - 9 mil - 8 barer
Kl 2315 fikk vi to faste lys på ladelysene i dahsbordet og det var gongongen for at vi ville ta sjansen mot Sandnes, litt spent siden det nå var nesten 0 grader ute og det ble mye kondens. Vi tørket rutene rene og hadde bare på kaldluft og laveste trinn på vifta samt at vi kjørte ekstremt økonomisk, men det er mange plasser å slippe forbi og lite trafikk så sent natt til søndag. Vi hadde bestemt at vi skulle lade i Sandens hvis vi ikke hadde mer en 2 barer igjen da, men jeg var usikker på om vi da ville rekke til Aksdal og jeg var også usikker på om det var så smart å lade der og så lade igjen på Randaberg. Plane var å lade litt i Sandnes og så fulle opp på Randaberg, men vi hadde 3 barer da vi kom til Sandnes og tok sjansen, det gikk fint, bikket akkurat ned på 1 bar da vi stoppet fremfor laderen i Randaberg (som var litt vanskelig å finne i mørket, stemte ikke med mobilappen sin kjøreanvisning).

Det var sykt å se at vi ladet med 195 amper i starten på Randaberg, vi gav oss på 83% siden jeg har hørt at det ikke er bra å hurtiglade over 80%, vi hadde da ca 30 amp lading så det er jo fortsatt langt over 10 eller 16 amper. Siden det var søndag natt så gikk det ferje bare kl. 0230 og 0455. Vi hadde god tid til 0230 og satte derfor i litt 10 amp lader mens vi skulle vente nesten en time. Vi hadde varme klær og sovepose, ingen varmeapparat brukt til nå siden Mandal, men når vi kom frem til Randaberg var jeg bra kald.

Randaberg-Askdal 6 mil 6 barer
Vi tok det veldig rolig opp tunnelene i Rennfast, ca 60, men ellers lå vi vel i 70-80, følte at det var rimelig greit med strøm til å nå Aksdal siden vi nå så at den gikk veldig langt på lite strøm. Rekkeviddeangsten var som blåst bort:) Da vi kom på land i Arsvågen satte vi også varmen på og la oss ca 80 km/t.

Aksdal-hjem 6 mil og 7 barer
Da vi kom til Aksdal var klokken ca 0330, vi begynte å bli skikkelig trøtte. Det holdt på å ende med bulking da vi var ferdig å lade til 87%. Jeg hadde helt glemt de to steinen og flaggstanga som står der og det var bare flaks at vi ikke rykket på dem. Ryggekamera er jo greit, men du må jo se på det skal det ha noe verdi, syns egentlig sensorer er bedre, men det er vel vanen...

Vi kjørte litt hardere enn før til Stord etter at vi følte oss tryggere på hvor langt du kunne kjøre, litt kjøring ble det også på Stord før jeg var hjemme kl. 0515, 23 timer etter at vi satte oss på bussen på vei nedover og 15 timer etter at vi startet turen hjemover i Mandal. 310 km totalt.
Ren og pen hos SørImport i Mandal

Endelig heime...

Lading i Ualand

Visningstur, held fortsatt ein knapp på kvit:)

lørdag 13. april 2013

Hurtigladerenes rike!

Kl 2315 byrja det å blinke i det tredje ladelyset på dashbordet og då tok me sjansen videre mot Sandnes og hurtiglading. Utan varme vart det ein kjølig affære, men effektiv for me fortsatte til Randaberg 9 mil frå Ualand, me starta med 9 streker og vippa akkurat ned frå to til ein når me etter litt leiting fann Lyse sin hurtiglader i mekmørket.

Dette var andre bollar, 195 amper ifht til 10 blir rått, me lada til litt over 80% før me lada med 10 amperen for å spare batteriet, det var uansett god tid til 0230 ferja.

Dette har gått over all forventing, eg hadde ikje trudd me ville komme oss med ferja før ein gong på formiddagen. Får me lada effektiv på Aksdal no e me heima før familien våkne:)

Ualand

Ein gudsforlatt plass, men veldig grei Statoilkar som kom å opna tankanlegget for at me sku få straum:) No har me dratt fram ull under lang og sovepose, ca tre timar bør gi oss god margin til Sandnes, men helst vil me direkte te Randaberg, då har me grei klatring te Aksdal og så heim:)

Sendt fra min iPhone

Flekkefjord

Første 6 mil har gått veldig smertefritt. No står me på lading i Flekkefjord og da romle skikkelig i magen.

Me har brukt 6 streker og hadde 74 km igjen når me kom fram etter ca 6,5 mil. Bedre enn venta, det er sol så kjøring utan klima går veldig bra. Kjørt sist 4 mil på Eco, gløymt å sette den i Eco i starten, litt ivrig i Mandal:)

Vel, synd me ikkje har 16 amp, då hadde me komt langt i dag...

Bilen er strøken som avtalt, nokre få striper, men me hadde aldri klart å holdt den så fin i vel eit år så veldig nøgd:)

fredag 12. april 2013

På veg!

Me kom oss opp og på bussen kl 0615 frå Leirvik, hardt liv:) No e me i Haugesund på den vakre busstasjonen:)

Litt skuffande at turen no blir med 10 amp lader etter at vår kjøre lokale bilforhandler måtte innsjå i går ettermiddag at det ikkje var noko 16 amp lader dei hadde likevel. Dumt siden eg avtalte for ei veke sidan å låne og dermed ikkje hadde ordna med noko anna. No vart det for seint å finne noko alternativ! Dei skal uansett ha kred for å låne ut slikt til ein som ikkje har kjøpt bil der ein gong:)

Vel, neste strek i regningen er storm og store nedbørsmengder i morgon, det krev mykje ekstra strøm... Håpar me er i hurtiglader-riktet i god tid før slår til

Ellers bra at eg bad dei sette på vinterhjula, fortsatt nattefrost...

torsdag 11. april 2013

2 dagar til henting!

Då er det 2 dagar til eg og min far tar bussen til Mandal for å hente US Leafen, den står fin og klar i Mandal no, men tida strakk ikkje til for henting før til helga. Dette gjer me KUN fordi det er gøy, det er ingen penger å spare på dette, Sør-import kunne levert den på Stord for kun 3000,-.
 
Planen er foreløpig som følger:
Me tar bussen kl. 0615 lørdag morgon frå Leirvik og regnar med å vere i Mandal kl. 1400. Litt tid med overtakelse vil det gå så er me avgårde kl. 1600 er det bra.
 
Med svært dårlig ladedekning mellom Mandal og Sandnes har me ei lita utfordring før me er kommen til Sandnes. Me har fått låne ein 16 amp lader frå lokal MIEV forhandler og satsar derfor på å unngå overnatting slik me antok at vart nødvendig først.
 
Me har no to alternativer, enten å prøve å ordne med lademulighet i Moi og satse på ein topplading mellom Mandal og Sandnes der me treff på hurtigladerene. Det er dog usikkert om det blir mulig å finne eit punkt som toler 16 amp der og går ikkje det har me 10-12 timar lading før oss i Moi...
 
Ei anna mulighet er å ta på litt strøm på det offentlige ladepunktet i Flekkefjord og spise middag der, me bør vere der i 17-18 tida og då er det nok tid for å spise uansett. Dersom me får lada med 16 amp laderen der eit par timar bør me har meir enn nok strøm til å komme oss til Statoil Ualand som er berre 5 mil videre. Der er det døgnåpent og eg har snakka med ein hyggelig kar som skal opne tankanlegget og gje oss strøm:) Eg trudde dette var ein vanleg døgnopen bensinstasjon, men det var visst ein truckstopp:) Vel, der er det skikkelig tilgang på 16 amper så er me der i 21-23 tida ein gong og tar fram soveposen i nokre timar før me legg videre mot Stavanger, det hadde jo vore fint om me rakk til hurtigladeren på Randaberg, då er me sikre strøm til Aksdal. Videre frå Aksdal bør me komme heilt heim. Aksadal er litt ustabil så me kan få oss ein overraskelse der, men det er også vanleg uttak der så i verstefall blir det 4-6 timar i Aksdal søndag morgon, det er ikkje populært isåfall...
 
Her står Leafen hos SørImport å ventar på oss:) Batteriet er sjekka med 12 barer og ellers skal den vere 100% strøken, blir interessant dette:)
 
 

lørdag 23. mars 2013

Solgt

Aygoen vart solgt fredag før påske med levering 9.4. Leafen vil då stå klar i Mandal så me får sjå om det blir henting direkte då eller om eg tar helga i bruk. Pt planlegges det litt korleis me skal gjere det mest mulig effektivt mellom Mandal og Sandnes der det ikkje finnes hurtiglader... Vel, fint å ha solgt gml bilen før henting...

mandag 18. mars 2013

Salg av Aygoen...

Vel, då er blåbæret lagt ut for salg, ikkje den store interessa til no. Det er utrulig mykje bruktbil for salg så dette blir kanskje meir spennande enn me hadde tenkt. Selger av Leafen kan ta den inn hos seg i Mandal for salg "for kunde" så det kan jo passe bra, men me får sjå. "På tavlo" i måro så det er håp i hengande snøre...

http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=40397264

Leafen e no komme til landet, og kan kanskje bli klar før påske, men det kan halde hardt. Ikkje så stress, spesielt ikkje så lenge me ikkje har solgt Aygoen...

mandag 11. mars 2013

Forskjell US Leaf vs Norsk

US 2011 manglar vs norsk 2011 modell (toppmodellen SL):
- Varmepakke, (setevarme i alle setene samt varme i rattet)
- QC, hurtiglader uttak ved siden av det vanlige uttaket (svært mange 2011 SL har dette frå USA)
- Ladekabelen er for 110 volt (omgjøring til 220 volt ordnes ganske enkelt)
- Den har ikkje gyldig garanti i Europa
- Navigasjonen fungerer ikkje i Norge
- Appen fungerer ikkej i Norge
- Radioen stoppar ikkje på oddetall, dvs får en ikke inn radiostasjoner med frekvens 95.1, 95.3 etc...

Videre er det også snakk om en del andre ting, som lysene kan blende etc, men siden bilene blir godkjent uten justeringer av myndighetene har eg ikkje lagt vekt på dette. Det er mykje fokus på dette, sjølvsagt er det irriterande med rimelige importbilar så her finnes også folk med ein agenda så beste å halde seg til fakta, men det er altså ein vesentlig forskjell som må tas med i regnestykket. 2012 modellar frå US har både varmepakke og QC og kan derfor vere eit smart valg, men pt er desse betydelig dyrare om du ikkje tar importen sjølv.

Så kvifor velge en 2011 modell likevel, slik me har gjort her:

VÅR LEAF

Det er jo prisen sjølvsagt, så me såg på kva som var vesentlig av manglane, for oss, og fekk løysingar på dette:

Garanti
Hurtiglader
Varmepakke

Vår bil leveres med garanti tilsvarande norsk, SørImport er ein stor aktør med solid økonomi og det er dermed substans bak denne garantien til 9.900 kroner, i motsetning til div enkelt personforetak som prøver seg på det samme. Garantijobben kan tas på nermaste Nissan Leaf verksted.

Dei fiksar også ladekabelen og vår bil har hurtiglader som dei fleste 2011 US Leafs. Varmeseter skal eg ettermonter sjølv og dermed sitt me igjen med ein navi og app som ikkje fungerer samt ein rar radio som likevel tar inn alle riksdekkande kanaler der eg kjører til dagleg iallefall. Navi antas det at kjem til å fungere om ikkje lenge, det jobbes med ein kode som knekkes og isåfall er me lova gratis oppdatering frå SørImport. Ikkje så viktig, men sjølvsagt alltid kjekt at ting fungerer, men Leafen er ikkje nett globetrottar så me vil jo alltid kjøre på kjente vegar. Den regnar dog ut rekkevidden iflg kartet og det er jo kjekt å ha så me håpar det blir oppdatering på dette.

Appen kunne og vore kjekk å hatt, ein må då skifte ut noko i bilen sidan dei brukar 850 systemet i statane... Spørs om det blir gjort, sidan all forvarming etc fortsatt kan gjerast i bilen som står rett utanfor døra:) MEN sjølvsagt kjekt å sjå ladestaus frå mobilen f.eks:)

Kvifor Elbil?

Kvifor kjøper me elbil? Svaret er ikkje i fyrste rekkjer miljøbevissthet. Dessverre kan ein sei, men for å være ærleg kjem miljøaspektet kjem langt ned på lista over årsakene til kjøp av Elbil.

Bilbytte skjer fordi me treng ein større og tryggare bil enn dagens nr. 2 bil, er ein Toyota Aygo. Grei til småkjøring, men ugrei til dei daglege 6 mila på ulykkesvegen E39, etter jobb-byte. Dessuten ser me at 10 åringen no slit med å få plass i baksete så den vart hakket for liten for oss.

Leaf er ein tung bil på over 1.500 kg og har sikkerhet heilt på linje med andre nye bilar: 5 stjerner i Euro Ncap

Me vurderte bytte i fjor, men slo det frå oss då. I år har Leafen sunket kraftigare i prisen enn akutelle fossilbilar, mykje grunna stor import av US Leafs. Det vart derfor eit betre regnestykket å satse på ein Leaf i år enn i fjor. Vips var aktuelle fossilbil like kostbar som ein tilsvarande brukt Leaf og med ca 1.500 spart pr mnd ifht ein tilsvarande Golf var valget enkelt. Berekninga av 1.500 er basert på 16.000 km pr år, nokre turar til Bergen/Haugesund mv. Det er inkludert straum til dei 16.000 kilometrane.

Med 6 mil til jobb passar Leafen veldig greit, med god margin på rekkevidden. Lademulighet på jobb gjer det også veldig enkelt. Med planlagt hurtiglader i Rosendal og Odda, er det faktisk mulig å ta bilen til leiligheten på Seljestad også, det er ein kostbart tur i dag, det kostar ganske nøyaktig 500 kr pr gang. Med Leafen blir turen med ferje så litt passasjerkostnad og evt betaling for hurtiglading blir det jo, men kanskje 150-200 kr. Det er jo pengar spart når ein tar turen nermast kvar helg og alt av utstyr ligg der oppe frå før... MEN, det må nok fyrst komme hurtiglader i Odda så det blir ikkje i år.

Me har valgt ein 2011 US Leaf kun pga pris, dei som vurderer tilsvarande må ha klart for seg forskjellane mellom US Leaf og Norsk Leaf, det er ein grunn til at prisen er mykje lågare. I praksis er det nok manglande varmepakke ein vil sakne mest. Eg planlegg å ettermontere setevarme sjølv samtidig som me monterer setetrekk, dei lyse setene i Leafen kombinert med sølepytt-stølvar frå barnehagen er dømt til å bli eit problem.

Vel, meir om forskjellane i egen tråd...