lørdag 23. mars 2013

Solgt

Aygoen vart solgt fredag før påske med levering 9.4. Leafen vil då stå klar i Mandal så me får sjå om det blir henting direkte då eller om eg tar helga i bruk. Pt planlegges det litt korleis me skal gjere det mest mulig effektivt mellom Mandal og Sandnes der det ikkje finnes hurtiglader... Vel, fint å ha solgt gml bilen før henting...

mandag 18. mars 2013

Salg av Aygoen...

Vel, då er blåbæret lagt ut for salg, ikkje den store interessa til no. Det er utrulig mykje bruktbil for salg så dette blir kanskje meir spennande enn me hadde tenkt. Selger av Leafen kan ta den inn hos seg i Mandal for salg "for kunde" så det kan jo passe bra, men me får sjå. "På tavlo" i måro så det er håp i hengande snøre...

http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=40397264

Leafen e no komme til landet, og kan kanskje bli klar før påske, men det kan halde hardt. Ikkje så stress, spesielt ikkje så lenge me ikkje har solgt Aygoen...

mandag 11. mars 2013

Forskjell US Leaf vs Norsk

US 2011 manglar vs norsk 2011 modell (toppmodellen SL):
- Varmepakke, (setevarme i alle setene samt varme i rattet)
- QC, hurtiglader uttak ved siden av det vanlige uttaket (svært mange 2011 SL har dette frå USA)
- Ladekabelen er for 110 volt (omgjøring til 220 volt ordnes ganske enkelt)
- Den har ikkje gyldig garanti i Europa
- Navigasjonen fungerer ikkje i Norge
- Appen fungerer ikkej i Norge
- Radioen stoppar ikkje på oddetall, dvs får en ikke inn radiostasjoner med frekvens 95.1, 95.3 etc...

Videre er det også snakk om en del andre ting, som lysene kan blende etc, men siden bilene blir godkjent uten justeringer av myndighetene har eg ikkje lagt vekt på dette. Det er mykje fokus på dette, sjølvsagt er det irriterande med rimelige importbilar så her finnes også folk med ein agenda så beste å halde seg til fakta, men det er altså ein vesentlig forskjell som må tas med i regnestykket. 2012 modellar frå US har både varmepakke og QC og kan derfor vere eit smart valg, men pt er desse betydelig dyrare om du ikkje tar importen sjølv.

Så kvifor velge en 2011 modell likevel, slik me har gjort her:

VÅR LEAF

Det er jo prisen sjølvsagt, så me såg på kva som var vesentlig av manglane, for oss, og fekk løysingar på dette:

Garanti
Hurtiglader
Varmepakke

Vår bil leveres med garanti tilsvarande norsk, SørImport er ein stor aktør med solid økonomi og det er dermed substans bak denne garantien til 9.900 kroner, i motsetning til div enkelt personforetak som prøver seg på det samme. Garantijobben kan tas på nermaste Nissan Leaf verksted.

Dei fiksar også ladekabelen og vår bil har hurtiglader som dei fleste 2011 US Leafs. Varmeseter skal eg ettermonter sjølv og dermed sitt me igjen med ein navi og app som ikkje fungerer samt ein rar radio som likevel tar inn alle riksdekkande kanaler der eg kjører til dagleg iallefall. Navi antas det at kjem til å fungere om ikkje lenge, det jobbes med ein kode som knekkes og isåfall er me lova gratis oppdatering frå SørImport. Ikkje så viktig, men sjølvsagt alltid kjekt at ting fungerer, men Leafen er ikkje nett globetrottar så me vil jo alltid kjøre på kjente vegar. Den regnar dog ut rekkevidden iflg kartet og det er jo kjekt å ha så me håpar det blir oppdatering på dette.

Appen kunne og vore kjekk å hatt, ein må då skifte ut noko i bilen sidan dei brukar 850 systemet i statane... Spørs om det blir gjort, sidan all forvarming etc fortsatt kan gjerast i bilen som står rett utanfor døra:) MEN sjølvsagt kjekt å sjå ladestaus frå mobilen f.eks:)

Kvifor Elbil?

Kvifor kjøper me elbil? Svaret er ikkje i fyrste rekkjer miljøbevissthet. Dessverre kan ein sei, men for å være ærleg kjem miljøaspektet kjem langt ned på lista over årsakene til kjøp av Elbil.

Bilbytte skjer fordi me treng ein større og tryggare bil enn dagens nr. 2 bil, er ein Toyota Aygo. Grei til småkjøring, men ugrei til dei daglege 6 mila på ulykkesvegen E39, etter jobb-byte. Dessuten ser me at 10 åringen no slit med å få plass i baksete så den vart hakket for liten for oss.

Leaf er ein tung bil på over 1.500 kg og har sikkerhet heilt på linje med andre nye bilar: 5 stjerner i Euro Ncap

Me vurderte bytte i fjor, men slo det frå oss då. I år har Leafen sunket kraftigare i prisen enn akutelle fossilbilar, mykje grunna stor import av US Leafs. Det vart derfor eit betre regnestykket å satse på ein Leaf i år enn i fjor. Vips var aktuelle fossilbil like kostbar som ein tilsvarande brukt Leaf og med ca 1.500 spart pr mnd ifht ein tilsvarande Golf var valget enkelt. Berekninga av 1.500 er basert på 16.000 km pr år, nokre turar til Bergen/Haugesund mv. Det er inkludert straum til dei 16.000 kilometrane.

Med 6 mil til jobb passar Leafen veldig greit, med god margin på rekkevidden. Lademulighet på jobb gjer det også veldig enkelt. Med planlagt hurtiglader i Rosendal og Odda, er det faktisk mulig å ta bilen til leiligheten på Seljestad også, det er ein kostbart tur i dag, det kostar ganske nøyaktig 500 kr pr gang. Med Leafen blir turen med ferje så litt passasjerkostnad og evt betaling for hurtiglading blir det jo, men kanskje 150-200 kr. Det er jo pengar spart når ein tar turen nermast kvar helg og alt av utstyr ligg der oppe frå før... MEN, det må nok fyrst komme hurtiglader i Odda så det blir ikkje i år.

Me har valgt ein 2011 US Leaf kun pga pris, dei som vurderer tilsvarande må ha klart for seg forskjellane mellom US Leaf og Norsk Leaf, det er ein grunn til at prisen er mykje lågare. I praksis er det nok manglande varmepakke ein vil sakne mest. Eg planlegg å ettermontere setevarme sjølv samtidig som me monterer setetrekk, dei lyse setene i Leafen kombinert med sølepytt-stølvar frå barnehagen er dømt til å bli eit problem.

Vel, meir om forskjellane i egen tråd...