mandag 11. mars 2013

Kvifor Elbil?

Kvifor kjøper me elbil? Svaret er ikkje i fyrste rekkjer miljøbevissthet. Dessverre kan ein sei, men for å være ærleg kjem miljøaspektet kjem langt ned på lista over årsakene til kjøp av Elbil.

Bilbytte skjer fordi me treng ein større og tryggare bil enn dagens nr. 2 bil, er ein Toyota Aygo. Grei til småkjøring, men ugrei til dei daglege 6 mila på ulykkesvegen E39, etter jobb-byte. Dessuten ser me at 10 åringen no slit med å få plass i baksete så den vart hakket for liten for oss.

Leaf er ein tung bil på over 1.500 kg og har sikkerhet heilt på linje med andre nye bilar: 5 stjerner i Euro Ncap

Me vurderte bytte i fjor, men slo det frå oss då. I år har Leafen sunket kraftigare i prisen enn akutelle fossilbilar, mykje grunna stor import av US Leafs. Det vart derfor eit betre regnestykket å satse på ein Leaf i år enn i fjor. Vips var aktuelle fossilbil like kostbar som ein tilsvarande brukt Leaf og med ca 1.500 spart pr mnd ifht ein tilsvarande Golf var valget enkelt. Berekninga av 1.500 er basert på 16.000 km pr år, nokre turar til Bergen/Haugesund mv. Det er inkludert straum til dei 16.000 kilometrane.

Med 6 mil til jobb passar Leafen veldig greit, med god margin på rekkevidden. Lademulighet på jobb gjer det også veldig enkelt. Med planlagt hurtiglader i Rosendal og Odda, er det faktisk mulig å ta bilen til leiligheten på Seljestad også, det er ein kostbart tur i dag, det kostar ganske nøyaktig 500 kr pr gang. Med Leafen blir turen med ferje så litt passasjerkostnad og evt betaling for hurtiglading blir det jo, men kanskje 150-200 kr. Det er jo pengar spart når ein tar turen nermast kvar helg og alt av utstyr ligg der oppe frå før... MEN, det må nok fyrst komme hurtiglader i Odda så det blir ikkje i år.

Me har valgt ein 2011 US Leaf kun pga pris, dei som vurderer tilsvarande må ha klart for seg forskjellane mellom US Leaf og Norsk Leaf, det er ein grunn til at prisen er mykje lågare. I praksis er det nok manglande varmepakke ein vil sakne mest. Eg planlegg å ettermontere setevarme sjølv samtidig som me monterer setetrekk, dei lyse setene i Leafen kombinert med sølepytt-stølvar frå barnehagen er dømt til å bli eit problem.

Vel, meir om forskjellane i egen tråd...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar