torsdag 11. april 2013

2 dagar til henting!

Då er det 2 dagar til eg og min far tar bussen til Mandal for å hente US Leafen, den står fin og klar i Mandal no, men tida strakk ikkje til for henting før til helga. Dette gjer me KUN fordi det er gøy, det er ingen penger å spare på dette, Sør-import kunne levert den på Stord for kun 3000,-.
 
Planen er foreløpig som følger:
Me tar bussen kl. 0615 lørdag morgon frå Leirvik og regnar med å vere i Mandal kl. 1400. Litt tid med overtakelse vil det gå så er me avgårde kl. 1600 er det bra.
 
Med svært dårlig ladedekning mellom Mandal og Sandnes har me ei lita utfordring før me er kommen til Sandnes. Me har fått låne ein 16 amp lader frå lokal MIEV forhandler og satsar derfor på å unngå overnatting slik me antok at vart nødvendig først.
 
Me har no to alternativer, enten å prøve å ordne med lademulighet i Moi og satse på ein topplading mellom Mandal og Sandnes der me treff på hurtigladerene. Det er dog usikkert om det blir mulig å finne eit punkt som toler 16 amp der og går ikkje det har me 10-12 timar lading før oss i Moi...
 
Ei anna mulighet er å ta på litt strøm på det offentlige ladepunktet i Flekkefjord og spise middag der, me bør vere der i 17-18 tida og då er det nok tid for å spise uansett. Dersom me får lada med 16 amp laderen der eit par timar bør me har meir enn nok strøm til å komme oss til Statoil Ualand som er berre 5 mil videre. Der er det døgnåpent og eg har snakka med ein hyggelig kar som skal opne tankanlegget og gje oss strøm:) Eg trudde dette var ein vanleg døgnopen bensinstasjon, men det var visst ein truckstopp:) Vel, der er det skikkelig tilgang på 16 amper så er me der i 21-23 tida ein gong og tar fram soveposen i nokre timar før me legg videre mot Stavanger, det hadde jo vore fint om me rakk til hurtigladeren på Randaberg, då er me sikre strøm til Aksdal. Videre frå Aksdal bør me komme heilt heim. Aksadal er litt ustabil så me kan få oss ein overraskelse der, men det er også vanleg uttak der så i verstefall blir det 4-6 timar i Aksdal søndag morgon, det er ikkje populært isåfall...
 
Her står Leafen hos SørImport å ventar på oss:) Batteriet er sjekka med 12 barer og ellers skal den vere 100% strøken, blir interessant dette:)
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar