søndag 21. april 2013

Ekte rekkeviddeangst!

Rekkeviddeangst er eit begrep som kom saman med elbilen. Egentlig har eg hatt eit avslappa forhold til det, litt spent var me heim frå Mandal, men der det var kritisk, hadde me ein backup plan i Sandnes, i dag derimot...

Laderen i Fjøsangervegen gav "berre" 120 amper, mot 200 på Randaberg/Aksdal så det tok litt lengre tid enn planlagt å lade. Me fekk derfor litt dårlige tid til båtmessa der me hadde ein avtale kl 12, så me lada berre til 75%. Tilbake etter 7 mil var det berre to strekar igjen, men med berre eit kvarter til rådighet dersom me ikkje skulle stå over ei ferje. Me tok sjansen på 70%, og sju barer på vel 5 mil, minstemann må i seng diskusjonen... Lading med heile familien ombord er ikkje så lett, sjølvsagt er det gørr kjedelig å lade... Vel, me rakk ferja med minst mulig margin og har no kjørt lenge på 5. streken. Det er 2,5 mil på andre sida i stiv kuling motvind, men det bør gå fint, men her er ingen fornuftig plan B tilgjengelig... Oppdatert: det gjekk veldig bra, vippa akkurat ned på nest siste søyla når me svinga ned til Rommetveit. Vel 170 km og godt over 300 kr spart på ein dag:)

Innser at det var tull å ikkje lade til 100% før avreise i dag... Lada til 80% som vanlig.

Tenkte det ikkje var nødvendig når me uansett måtte hurtiglade to gonger, men hadde ikkje tenkt på at det faktisk er eit problem for ein travel familie og ha tid til å lade i det heile...

Vel, båtmesse og hyggelig besøk vart det isllefall tid til:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar