torsdag 25. april 2013

Til Bergen, litt flaks:)


Hurtiglading i 15 min gav 6,5kw eller ca 3 mil når det er kaldt og regn

Berre 4 dagar sidan sist er Leafen i Bergen igjen:) Seminar i regi av Bergen Seilforening kombinert med litt handling denne gongen!

Eg har blitt veldig varm i trøya når det gjeld rekkevidden, eg fann ut at med 100% lading på jobb kunne Fitjar-Bergen-Leirvik gå. Men øspøs, 2 grader og ein del start og stopp der klimaanlegge trekke 4,5 kW ei stund før doggen av våte kler er borte gjer mykje med rekkevidden. Det vart litt leiting og tre stopp på Lagunen før turen gjekk til Paradis og så tilbake til Halhjem, 68 km kjørt og då var det 2 strekar igjen, men heldigvis gjekk ferga 2245 og ikkje 2230 slik eg trudde, 15 min på hurtigladeren gav 6,4 kW inn og vips var det 60% batterikap og ingen problem. Også denne hurtigladeren er 120 amper og ikkje 200 som det står i appen, men det er antakelig berre fint for batteriet, men merkelig på eit fergeleie der mange sjølvsagt får knapp tid... Med eit uttak er det jo også gambling om nokon annan står der før deg, men når det er størst trafikk er det jo også hyppigare ferjer, hadde vore kjiipt å stått igjen til 2330 ferga også:)

Uansett er det ikkje allverden med planlegging som skal til for at slike turar går smertefritt, samtidig er det jo slik at det MÅ vere gunstig for at folk skal gidde å styre med dette og sjølv om det er ein bil nr 2 er den nødt til å kunne ta litt lengre turar inni mellom skal ein få fordelt kjøringa jevnt mellom bilane. Eg trur nesten den største besparelsen kjem i at me no kjører den store bilen mykje mindre enn før:)

Ikkje verst med Bergens tur med egen bil der total direkte kost kun er kr 94,- på ferja, resten er gratis. Fossilbil hadde kosta kr 366,- inkl bom inn til Bergen, spart 272,-! Men det er sjølvsagt ikkje lenge til offentlege hurtigladere også kjem til å koste pengar, men uansett er det gunstig:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar