onsdag 12. juni 2013

Haaheimgaard på Tysnes!

I går fekk Leafen lufta seg ut av øyo igjen. Fruen hadde gebursdag og eg ville overraske med middag på Haaheimgaard, litt meir kreativt enn Brygga11:)

Litt dårlig planlegging gav kun tid til 80% lading før me kjørte, men det burde halde på 7 mil. Dessverre kjørte me feil og fekk ei mil ekstra, men det vart ikkje noko rekkeviddeangst av det, byrjar å få bra kontroll, dessuten har eg no eit app som viser nøyaktig kor mykje strøm som er på batteriet. Søylene i bilen er greie nok, men med mykje start og stopp fell dei fort og gir litt angst. Me kjørte 8 mil og hadde tre streker igjen og ca 35% Soc. Snitt vart 0,119 kw pr km og ny rekord med god margin, Tysnes har smale vegar med låg fart, det er medisin for effektiv kjøring med elbil. Men me kjørte også nokre mil i 90.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar