Ein halvtimes tur var egentlig nok, me var overbevist tildels før me reiste. Skal ein ha elbil som nr 1 bil er det berre Tesla som er aktuell så no var det berre å få sett kva dette var for noko og om det var showstoppere nokon stad.
Bilen er eit fantastisk produkt, Tesla har ikkje berre fått fram det nesten beste ved ein elbil slik eg ser det, saftig moment, lydlaus, vibrasjonsfri og sømløst framdrift og akselerasjon, sistnevnte er som alle veit heilt ekstremt!
Dei har også klart å lage bagasjeplass både framme og bak. 890 liter kan ingen andre bilar måle seg med. Det blir konge på tur. Når bilen i tillegg ser fantastisk ut og har ein rekkevidde som gjer at det i praksis berre vert få ganger i året ein må planlegge turane litt så vert det freistande. Spes når alt dette er å få til oppnåelige prisar om du er villig til å bruke litt på ein ny bil. Sjølv om verdifallet, som ingen veit kan vil bli på denne bilen enda, er den største posten på ein bil er der vanskelig å sjå for seg at dette over ein del år vert ein særlig dyrare bil enn ein ordinær Passat! Eg reknar med netto spart ca 20.000 pr år, det er forsiktig rekna, då er netto rentekost for 100.000 dyrare bil tatt inn også. Me hadde ikkje brukt så mykje pengar på ein fossilbil så derfor reknar eg slik. Men ein kan jo argumentere for at bilen er billig med slik ytelse og plass, men eit slikt regnestykket blir berre teoretisk for oss iallefall.
MEN bilen har sine svakheter også. Ein må kunne leve uten hengerfeste, ikkje Audi kvalitet på interiøret, dårlig takhøyde i baksetet og ikkje særlig god sittepute der. Eg trur også du som kjøpar må vere forberedt på meir feil enn på alternativ nybil som då fort vert ein Passat/Mondeo. Til slutt vert det spanande å sjå korleis bilen blir på vinterføre. Den er også veldig brei, noko som bekymrer litt ifht parkering, no er dette eit lite problem på Stord, men bilen skal mykje til fjells så vinteregenskapane vil få prøvd seg og der er det også relativt liten plass i felles parkeringsanlegg, men det var god plass til ein Panamera der såg eg i helga så då skal det gå fint med den 3 cm breiare Teslaen og! Men e må innrømme at eg vart litt sjokkert når eg oppdaga at Teslaen var breiare enn Panameraen, den er jo ikkje akkurat smal den heller!
Vel, me vil ikkje bytte bil midt på vinteren så bestillinga er langt til Mai, men gjort no pga at det er venta prisstigning på noko av det kule utstyret, som det råe musikkanlegget, det vart puslete med DSP i Audien etter dette:)