torsdag 12. desember 2013

Fitjar-Rosendal-Odda-Seljestad!

Av og til går ikkje logistikken heilt i hop og denne helga såg det derfor ut til at me måtte ta begge bilane te fjells! Ikkje noko stor utfordring for dieselbilen, men for elbilen derimot...

Vinter og 350 km på to døgn og uten off. ladestasjoner på mesteparten av strekket er ei utfordring, men ein skal normalt ikkje ta mange tlf før ein har ordna seg. Trøbbelet er at lading med vanlig lader er som å sjå maling tørke...

Vel, turen starta med at bilen ikkje hadde lada over natta. Eg hadde gløymt å lager timerinnstilliga:( Heldigvis var første strekket berre 3 mil til jobb, men pga møte og kun 4 timer på jobb vart den langt fra topplada der. 

Til møte vart det dårlig tid og det regna trollkjerringer, det gjekk langt over 2 kW pr mil dei neste 3 mila og berre tre streker igjen når eg kom til møte. Vel, berre å hurtiglade det... 

Hurtiglading er ikkje det det var, no er det ofte kø, så også denne gangen samt ein som stod bak og banka på ruta og lurte på om eg lada... Bergenser... kvifor står du egentlig med ein elbil framfor ein hurtiglader med ein kabel kobla til bilen??? Sjølvsagt spurte han for å legge press på at eg ikkje lada for lenge, hurtiglading går tregt, over 80%. Derfor gav eg meg på 80% enda eg hadde tenkt å toppe heilt opp denne gangen... Men eg rakk ei ferge tidligare og kom til at det var like greit, faktisk rakk eg samme ferge som om eg ikkje hadde lada... Og eg fekk tatt med meg litt "mat" frå den nye McDonalds medan eg venta...

Ultraforsikrig kjøring inn te Kvinnherad Energi gjorde at eg fortsatt hadde 45% igjen når eg stoppa der kl 1530. Eg hadde gjort avtale om lading her på forhånd. Det viste seg at dei hadde 16 amp ladekladd hengande fastmontert til sin Miev. Veldig bra, lada 2,5 kW på kort tid, men sjølvsagt slår Murphys til, rett etter eg blei invitert inn på kaffi, ryk sikringen... Min US Leaf sender ikkje melding når ladinga stopper, noko eg trur dei europeiske gjer...?


Vel, ein time ekstra, men uansett raskare enn eg hadde planlagt med min 10 amp lader...

Fantastisk gjestfrihet hos Kvinnherad Energi, invitert inn i varmen, kaffe og avis samt gratis strøm og attpåtil anmodning om å komme igjen å lade på returen. 3,5 timar etterpå, kl 19 hadde eg 86% og la i veg...

Kl 2030 og 6,5 timar etter eg forlot Stord!

Ankomst Solfonn, frå Dimmelsvik er det 73 km te Solfonn + 500 høydemeter. Kjørt så økonomisk som det går, men våt vegbane og tidvis absolutt nødvendig med klima drar opp forbruket betydelig, men ganske ok likevel 60% av batteriet brukt på 73 km, vinter, vått og sterk stigning.

Det gjekk mykje strøm på slutten, men likevel god margin. Det er mykje igjen når første varsel kjem og eg var framme før low battery kom, men rekkevidden igjen var lite pga veldig høgt forbruk på slutten:) Vel, fin tur, eg sløste absolutt ikkje med varmen sjølv om det stod på mesteparten av vegen så kroppen var veldig klar for sauna:)



Retur lørdag 14.12, 3 timar!

Etter Odda tur/retur fredag vart det ikkje slik at resten av familien kom opp på fredag kveld likevel, mildvær og regn!! Eg la derfor kursen heim på lørdagen 
Her va eit strømskap eg lånte litt straum frå! Sjølvsagt må ein spørre først, men her var det ingen å spørre så me får håpe dei står i 20-25 kW dei to dagane eg lada der...
Kanskje den første Leafen som har vore i garasjeanlegger på Solfonn:)? Her er det kjemisk rensa for stikk-kontakter...
Leafen rekne seg fram til kjørelengde etter sist forbrukstall, dermed blir desse talla heilt ubrukelige, 70 km og ette 10 km kjørt nedover har me plutselig fått 101 km ekstra, haha

Returen var planlagt samme veg med litt lading i Dimmeslvik hos Kvinnherad Energi igjen, men nedover går det mykje mindre straum. Eg lada til det stoppa på Solfonn og starta då med 95%. Dermed fekk eg ikkje regenererer straum ned til Odda pga fult batteri. Likevel hadde eg 54% igjen i Dimmelsvik så eg tok sjansen på å kjøre heilt heim utan å lade. 33% igjen når eg kom til Ranavik etter 113 km kjørt!
Fasit blei 21,8% igjen etter 125 km. Når eg starta bilen igjen heime for å programmere lading fekk eg første varsel om lavt batterinivå!

Fortsatt mykje straum igjen etter at Folgefonntunellen er unnagjort. Kjørte forsiktig i 50-70 km/t, det går greit, men då må ein sleppe forbi så snart det er eit høve...

Leafen premierer deg med juletre, i dg vart det maks uttelling 5 tre er maks og det fekk eg etter 110 km kjørt:)

Fin tur å kjøre med elbil dette, dårlege vegar gir lav snitt fart, men lite trafikk, vêret betra seg og eg fekk eit par mil på nesten tørr asfalt på slutten... Ellers var det 1-5 grader, våt vegbane og klima på mesteparten av turen, men på 18 grader kun, lav batteri temp og vinterdekk i tillegg gjer at ca 125 km total før batt warning er veldig bra. 

Maurangerfjorden!

Ingen big deal å ta Leafen til fjells altså, men pt krev det planlegging, i Januar 14 allerede kjem gratis hurtiglader i Rosendal, dermed er turen veldig kurrant, men i drittvær og fullasta bil vil ein måtte lade i Odda også for å vere sikker, det gjekk skummelt mykje straum frå Odda og til Seljestad sjølv om det verre er 20 km. 

Innan 2014 er omme skal det også være lader i Odda og i Røldal... Elbilar med så låg rekkevidde er ikkje egna for slike turar kvar helg, men for slike som oss som ein sjeldan gong kjem i ei knipe er det veldig bra at det lar seg gjere smertefritt. Faktisk er det ikkje mykje lading som skal til om ein starter med 100% på Heiane!

Ja, litt sparte eg også, kosta meg kun 2* kr 38 på ferja. Dieselbilen via Knapphus kostar ca 500,- pr tur! Altså over kr 400,- spart:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar