torsdag 17. april 2014

Påskefjellet med elbil

Med like mykje energi som 2,5 liter diesel på batteriet (fult batteri) la ein søkklasta Leaf med ski på taket, kursen mot Påskefjelllet! Med ny hurtiglader i Rosendal og Etne samt snart i Odda og Røldal opnar ein ny verden seg for elbilane i Sunnhordlandsområdet. 

Me hadde 30% igjen på batteriet ved ankomst Etne senter og kunne nok pressa ut enda 3 mil eller så, dvs ca 120 km totalt. Mykje motvind og last gjorde sitt til å redusere rekkevidden, men tørre vegar og klima av trakk i andre retning så med full lasta bil er 8,5 mil langt nok

Laderen i Etne virka veldig rask, me fekk fullt heilt opp før me va klare med handelen og dermed gjekk turen til fjells akkurat like fort som den ville gått med ein fossilbil:)

Lite imponert over skulebilen som hadde parkert framfor laderen!!! Skjerpings! Det er kjedelig å måtte vente på laderen som er opptatt, men når den er parkert inne av fossilbilar blir eg irritert! Heldigvis klarte me å knø oss nært nok til at kabelen rakk . Oppmerking må nok til her

Dei siste 58 km gjekk som ein lek med 40% igjen når me kom fram, med 600 høydemeter syns eg det var bra mtp søkklasta bil...
Her er bilen i garasjen på Solfonn for 2. gang. Dette er berre litt av det som var med:)

Heim igjen 2. Påskedag kjøre me via Rosendal for variasjonen skyld



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar