tirsdag 20. mai 2014

Endelig!



8. Mai var dagen endelig komen, nesten 9 mnds ventetid var over og vidunderet stod klart i Bergen!



Eg sku klart å venta ei veke til, men med konfirmasjon i Horten dagen etter passa det perfekt! Bilen va dønn strøken og nervøsiteten stor når me sku ta den ut og heim gjennom rushtrafikken i Bergen.

Fredag kl 12, 22 timar etter me fekk bilen satte me avgårde mot Horten, 450 km. Det går berre nesten, men det er faktisk ikkje mykje om og gjere, men me ville ikkje sjanse med uvant bil så stikk på garasjeplassen til leiligheten på Seljestad var bestilt og ferdigstilt dagen før:)

Det meste skjer med knapp margin, men fungerte utmerket. I anlegget der oppe er det 400 volt som gir ein ny verden ang lading, 10 kwt ifht 3,3 på 230 V med 16 A sikring gjorde at me ikkje hadde trengt lange stoppet der oppe, men usikre som me var lada me nesten fult igjen og kjørte då 321 km og hadde fortsatt 92 km igjen når me kom fram. Merk at bilen mangla ca 3 mil frå topp når me kjørte frå Stord og ca 4 mil når me kjørte frå Seljestad så rekkevidden e imponerande. 400 km e veldig enkelt ved vanlig kjøring med klimaanlegget på og full bil. Det var kun 5 grader i lufta over fjellet og helit ned til Horten, men tørre vegar!


Konfirmasjon vart det, i Horten var det berre vanlig stikk så me lada over alt for å fylle opp igjen til returen:)

Heimover søndagen tok me ein avstikkar til Dalen der det finnes ein såkalla 22 kW type 2 lader. Planen var å lade to timar her og ete middag, men restauranten var stengt og 1 min bak oss kom ein Tesla til så me fann ut at for å vere grei lada me kun ein time og så kjørte me til Solfonn igjen, dermed vart det middag og bading der også på søndagen. Supert, men seint heime så søndagen sakna med superladeren som om kort tid er oppe og går på Åmot:)

Alt fungerte på turen og fungerer fortsatt, etter å ha lest om mykje feil så er det kjekt å sjå at det gjeld ganske få bilar i praksis, dei fleste har null feil og set er stort sett bagateller for dei som opplever noko..

1 kommentar:

  1. Hei!
    Eg prøver å samla elbilbloggarar (og bloggarar med tilsvarande, elektriske interesser) i ei felles bloggliste; "Blogg om elbil"; bloggomelbil.blogspot.com. Har òg oppretta ei Facebookgruppe med same tittel og med adressa; https://www.facebook.com/groups/980141348717317/
    Har ikkje funne noko slik liste andre stader, og trur det hadde vore fint om me hadde nokre samlingsstader der me kunne utveksla erfaringar.

    Er det greitt at eg legg til ei lenke og litt informasjon om din blogg på bloggomelbil.blogspot.com?
    Og viss du ynskjer det, er du velkommen til å melda deg inn i Facebookgruppa.

    Tanken er at du seinare kan skrive inn litt informasjon, gjerne både i blogglista og Facebookgruppa om seinare artiklar som du publiserer, slik at andre interesserte kan følja med når det skjer noko nytt i bloggen din. Og når du ynskjer å utveksle skriveerfaringar om elbil, kan desse stadene vere fin å bruka.

    Håpar med det at me kan få ei fellesskap i elbilskrivinga vår.

    Vennleg helsing;
    hamiso@gmail.com

    SvarSlett