Litt seint i November tok eg meg sjølv i ein litt ut av kroppen opplevelse. Eg stod på Heiane og såg Teslaen trille ut av parkeringsplassen, den var solgt! Kva var det eg holdt på med...?
Bilen var som ny, men kjørt relativt mykje på 18 mnd, 44.000 km, men den var fortsatt som ny, ikkje ein einaste parkeringsbulk kunne kjøper konstatere fornøgd. Ingen overraskelse for meg, bilen har blitt behandla betre enn båten og då kan du tenka deg;)
Nei, det var sjølvsagt ein gylden mulighet med svært høge bruktpriser som gjorde at eg stod der eg stod.
Prishoppet oppover på brukt skyltes eine og åleine at danskane importerte norske Teslaer før jul. Der har politikkarane droppa videre avgiftsfritak frå 1.1.2016 og bilane måtte derfor vere fysisk i Danmark før jul. Vår bil vart solgt til ein nordmann, men prisane gjekk opp på alle sjølvsagt som følge av dette. Så vert det spennande å sjå kva som skjer no over nyttår, mitt stalltips er at dei vil falle betydelig, men enda ein prisstigning på ny vil nok halde litt igjen på prisfallet, men det kan tenkes at ny og gml Tesla vil få større prisforskjell i framtida:
Dei første bilane i Norge har ikkje AWD og dei manglar Autopilot med tilhøyrande raderbasert cruisekontroll, nødbrems, skiltgjenkjenning, automatisk avblending av hovudlys, automatisk parkeringshjelp mm. Utanom AWD er dette andre ikkje ting eg har savna, men som teknisk interessert har eg sjølvsagt eit sterkt ønske om også å få dette på min bil. Det å kjøre på autopilot der bilen svingar og føl trafikken er ganske rått!
Kva dette har å seie for prisane er vanskelig å sei, eg har sidan det kom irritert meg over at me kjøpte "litt for tidlig", berre eit halvt år etter at me fekk vår kom dette som tilvalg på nye biler. Slik vil det nok alltid være med ein slik bil, noko nytt og fantastisk kjem alltid rundt neste sving, men eg trur ikkje desse hoppa blir så store som dette. Det har Elon Musk også sagt, dette var eit for stort sprang!
Til tross for mange skeptikere før kjøpet vart dette eit eventyr, bilen har fungert fantastisk, lite feil og den har tatt oss til Nord-Norge, via Tindevegen, Sognefjellet nordover og langs kysten heile vegen sørover igjen. Ja, sjølvsagt ut Lofoten og ferja over Vestfjorden. Det var i 2014, i 2015 vart det for dårlig ver til båttur så me heiv oss i bilen og kjørte etter fint vær, det fann me ikkje, men me fekk igjen ein flott biltur, kjørte til Stockholm, besøkte venner før me kjørte videre til Øland, Karlskrona, fantastiske Ystad før det vart Broen og Danmark og heim. Dette i tillegg til utallige turar til fjells og 6 mil til jobb kvar dag har bilen gitt oss store besparelsar berre på at går på straum vs diesel, ca 40.000 spart berre i diesel! I tillegg har me spart store summar også på årsavgift, ferger, parkering, antakelig ca 20.000 på 18 mnd, men eg reknar ikkje med desse, det er incentiv som skal bort innan nokre år og noko forsvinn allerede no, derfor berre tull å kjøpe elbil om desse er avgjerande for valget!
Besparelsane er uansett ikkje nødvendigvis avgjerande i det store bildet på ein slik bil. Det er normalt er avskrivningen som står for den store kostnaden. Når denne nesten utebli (kjøpt for 590 solgt for 560) blir regnestykket fantastisk kjekk lesning for ein økonom og ekstra moro er det sjølvsagt når så mange var skeptisk før me kjøpte, men me tok ein risiko, heldigvis vart det betre enn ein kunne drømme om.
Kva no?
Vel, ny er sjølvsagt bestilt og det vurderes ikkje noko anna enn elbil, dermed er det pt berre Tesla som er aktuelt.
Ein kan argumenter at då er vitsen borte sidan det jo først og fremst er prisstigning på bilane som har gjort andrehåndsverdien på Teslaen så god.
Vel, det er faktisk eit smutthull om du kan klare deg med litt mindre rekkevidde. 70D (D=firhjulstrekk)
70D er nemlig ein ny modell av S som kom i april 2015. Ja,den har mindre batteri, men den er faktisk også 80.000 rimeligere enn tilsvarande bil med 85 kw. Når ein då veit at AWD i såkalla range mode brukar vesentlig mindre strøm enn den "gml" med kun ein stor motor bak ser ein at dette kan vere interessant. AWD blir aldri feil i Norge og med våre mange turar til fjells er det faktisk eit savn, sjølv om RWD Tesla er ein god vinterbil, lograr den med rumpa og me har flerie gonger fått bakenden litt lengre ut enn planlagt sjølv med lynrask ESP, typisk i mykje slaps blir bilen litt krevande å halde på plass. Det blir vesentlig bedre med AWD som er dønn stabil. Framkommeligheten blir sjølvsagt mykej bedre, men det imponerer også RWD, men stoppar den først så er det kveld.
Vel, med 70D har me ein bil som passar oss betre og den er også meir up to date som nevnt tidlegare.
Med mange andre oppdateringer som betre støydemping, betre seter, generelt mykje småfeil som er retta/forbedra vart dette ein bytte eg ser på som veldig gunstig, faktisk trur eg svært mange som kjøper brukt s85 heller burde kjøpt ny 70D, men eg trur mange ikkje er klar over at rekkevidden ikkje er så stor forskjell på som ein skulle tru. Eg høyrer også at mange som aldri har kjørt elbil før er 100% sikre på at dei treng lengst mulig rekkevidde! Det har vore ekstremt mykje fokus på rekkeviddeangst i media og jo, det er eit stort poeng, men med Tesla så er det eit veldig lite problem med alle superladerene som finnes og nå også eit velfungerende adapter til Chademo.
Kjøp heller ein 70D med slikt adaptert til 3.600 kroner enn å legge 80.000 i å få en 85 D som går 5 mil lengre. Dei fleste vil svært sjeldan ha bruk for dei ekstra 5 milene. Dersom ein har hytte på fjellet uten lademulighet så kan det vere eit poeng.
Samanlikna mot ein S85 så kan det fort berre vere 3-4 mil lengre rekkevidde vs 70D og då meinar eg dei øvrige før forklarte fordelane med AWD som største poeng forsvarer nykjøp!
Erfaring me har gjort oss er at me stoppar mykje oftare enn bilen går tom for straum uansett, me kjøper no dette CHAdeMO adaptert slik at me i større grad kan fylle på rikelig med straum når me stoppar. Utan dette blir ein meir avhengig av å stoppe der SuperChargerene til Tesla er, der er det også gratis, men folk blir jo tulling i Norge av at ting er gratis, kostar meg ikkje ein kallori og heller lade den opp på betalt CHAdeMO om me heller vil stoppe der. Det einaste dumme med dette er at det offentlege sett opp ein og ein CHAdeMO stasjon, det blir derfor kø om det er to bilar som skal lade, det er rett og slett for dårlig! Men med 30 min på CHAdeMO kan ein kjøre 100 km ekstra og ofte er det nok til f.eks å hoppe over ein Supercharger, eller rekke neste naturlige stopp...
Vel, sånn vart det og med min interesse for dette området så er det mykje spennande som skal skje i 2016, lansering av ny Leaf, Bolt og ikkje minst model 3 til Tesla, videre er det litt spennande kva Hyundai kjem med i IoniQ...