Leafen er ikkje overlegen, men den fungere veldig bra til småkjøring. Me importerte ein billig US bil, den vil eg ikkje anbefale i dag, det er for mange ting som ikkje fungere på ein US Leaf. Når me kjøpte var det stor prisforskjell, men no syns eg det er for liten forskjell til å forsvare alt som ikkje fungere på ein US Leaf.
Når me no solgte Teslaen fann me ut at istadenfor å ta ut ein ny Tesla med ei gong så bytta me heller ut Leafen i ein ny. Det passa bra, då beheld me dagens Leaf til me får den nye Teslaen i aug 2016. Då er det 4 mnd igjen av garantien frå SørImport og eit passande tidspunkt for salg. Me håpar då å få 99.000 for den, det er billig slik prisane er i dag, men likevel har den vore rimelig for oss, me gav 168 for 4 år sidan.
Sidan me har vore usikre på verdien på Teslaen valgte me å betale hardt ned på billånet når me fekk bilen, det viste seg "unødvendig" mtp faktisk verdifall, men var gullverd no sjølvsagt. Ved å fortsette å betale som før, men kjøre to stk Leaf i 10 mnd har me faktisk betalt ned ny Leaf og kan starte med tilsvarande Tesla lån som på den første med ny bil nr 2 i garasjen. Sånn er det med bilar som nesten er gratis i drift, då kan ein bruke mykje pengar på andre ting, eller på nye bilar som me har valgt:)
Vår nye Leaf Tekna leveres 20.1 og har 30 kwh batteri, det blir spennande å prøve i praksis, me har no kjørt mykje med US Leafen og ser at som bilnr 1 er den litt håplaus, den går kort og hurtiglading tar lang tid, så får me komme tilbake til korleis den nye fungere til slikt, men rapportar viser veldig rask hurtiglading. Det er veldig viktig for langtur, det er så utrulig stor forskjell på å stoppe 10 min for å gå på do enn å sitte å vente i 40 minutt på ein bil som berre lader seinare og seinare jo meir strøm du får på, med kort rekkevidde blir du også meir avhengig av å fylle heilt eller nesten opp og tida går og prisen for dei siste kw en får inn blir latterlig høge også om ein er interessert i å regne ut slikt:)
Ryktene om den nye Leafen er at den lader med samme fart heilt til over 80% (det er nok minst dobbelt så fort som dagens) og med lengre rekkevidde har du då meir enn nok til å komme deg til neste lader, antakelig kan du sommarsdagen glatt hoppe over neste og då begynner me å snakke om ein bil som faktisk fungere også på langtur. Som sagt om Tesalen og erfaring sålangt, me stoppar MYKJE oftare enn me treng lade på Teslaen, slik blir det nok ikkje på Leafen, men kanskje er dette nye batteriet så bra at me tar den til østlandet i sommar. Det har til no vore få som har gjort dette med med Leaf og andre i denne klassen, men me vil nok sjå fleire som gjer det med 30 kwh Leaf og Soul som faktisk er 30 kwh allerede (litt godt skjult hemmelighet det).
Vel, så kan ein spørje seg kvifor velge ein Leaf igjen som byrjar å bli utdatert med manglande nødbremssystem f.eks slik vår solgte Tesla også mangla. Vel, det er to svar på det, Leaf er pt ein av to som tilbyder av 30 kwh batteri, og litt lengre rekkevidde. Soul er den andre og den blei for liten for oss, sjølv om det var ein overraskande bra bil.
Avgjerande vart uansett Nissan sin fantatiske bonderabatt som gjer bilen billigare enn tilsvarande importbil, heil rart, men når 30 kwh Leaf blir 60.000 billigare enn eGolf med 24 kwh batteri så kan ein ikkje velge Golf sjølv om eg gjerne skulle heller ville hatt ein golf.
For oss no som skal bruke den som nr 1 bil så er det ein stor fordel at den er fleire hakke større enn dei andre, også Golf faktisk!